Hjem / Finn en likeperson / Kristin Fuglø

Kristin Fuglø

Eg hadde sjølv verdifull hjelp av å snakke med ein likeperson i starten av tida mi med kjent MS, og eg vil gjerne at andre også kan få snakke med nokon.

Portrettbilde av Kristin Fuglø
Livssituasjon: Har MS Samtaleemne: Å leve med usynlige handicap, Å være ufør, Åpenhet, Fatigue, Psykisk helse, Samliv og seksualitet, Stamcellebehandling, Trening og kosthold, Urin- og avføringsproblemer

Bli kjent med Kristin

Eg er sosial og bryr meg om folk rundt meg. Det er greit snakke om det som er viktig, men òg det som er gøy. Eg er skapande og fantasifull, trener, ordnar hagen, lagar mat. Eg kan alltid segle, men må segle med den vinden eg har.

Mer om meg

Eg set pris på å kunne vere med ungane mine (barneskulealder). Vi har teikna MS saman, og snakka ein del om korleis sjukdommen er, men stort sett er det eit vanleg familieliv, trass i at eg ikkje jobbar lenger. Det eg liker best av aktivitetar, er å segle. Hagearbeid når det trengs og passar. Eg har agurkar i stova mi!

Eg set pris på å vere deltakar på ein frivilligsentral sin språkkafé, der eg er til hjelp for menneske som vil øve på å snakke norsk språk. Mat og kva mat som passar best til MS-sjukdom, har blitt ei interesse etter kvart, sjølv om ikkje alt passar for alle, passar lågkarbodiett (keto) for meg akkurat no. Handarbeid som strikking og nålebinding har vore viktig for meg, og eg gjer framleis litt av det.